Hustad pensjonistforening har tradisjon for å dele ut stokkar, medaljar og merke for pensjonistrimmen Den gylne spaserstokk på sitt årlege julemøte.
Det var i alt 32 pensjonistar som hadde levert trimkort for 2011 Fleire hadde levert kort som viste at dei har vore i god fysisk aktivitet heile året.
Trimkorta fortalte om trimturar lokalt, saman med den faste trimgruppa på tirsdagar og på turar i andre delar av landet. Fleire kunne også vise til trimaktivitet på turar utanlands, i syden.
Oddny Mahle Drejer som representant for hovudsponsor Bud, Fræna og Hustad Sparebank stod for utdelinga.
Følgjande fekk utdelt utmerking for 2011: Stokkar for første års deltaking:
Marit Heimen, Ivar Jan Røsand, Sigmund Julshamn og Randi Nerland
Bronsemerke for 2. år:
Odd Hustad
Sølvmerke for 3. år:
Olav Hansen og Margrethe Flønes
Gullmerke for 4. år: Ivar Lindseth, Anne Mary Male, Randi Skotheimsvik, Alida Pedersen, Harry Myren, Inge Pedersen og Alvhild Hansgård
Jakkemerke i bronse for 5 år: Ingunn Hustad, Sylvia Hansen og Ivar Hansen
Jakkemerke i sølv for 6. år: Kristine Sandblåst og Håkon Sandblåst
8-årsmerke: Brynjulf Hustad og Elbjørg Hugås
9-årsmerke: Synøve Folland
11-årsmerke: Reidun Hustad, Magnus Svendsen, Torbjørg Venaas og Gerd Nerlandsrem
12-årsmerke: Malvin Flønes og Ingrid Skotheimsvik
15-årsmerke: Torbjørg Farstad
19-årsmerke: Trygve Skotheimsvik, Solveig Skotheimsvik og Oddbjørg Aandal |