Portrettet: Synnøve Valle
Engasjert dame med mange jarn i elden...


     


     

Synnøve Valle (57) er gift med Arne Sverre Dahl og bur på heimgarden til Synnøve på Hol i Sandsbukta. Dei har 3 barn: Magnus (29), Øystein (25) og Ragnhild (19). Nyleg fekk ho Bud, Fræna, Hustad sparebank sin kulturpris, i kategorien hederspris. Ho er utdanna ved Norges landbrukshøgskule (no Norges miljø- og biovitenskapelige universitet) på Ås og arbeider som fagkoordinator på landbruksavdelinga hjå fylkesmannen. Arbeidet består mellom anna i å leggje til rette for utvikling i tradisjonelt landbruk og for utvikling av landbruksbaserte næringar som lokalmat, reiseliv og Inn på tunet. I tillegg jobbar ho med klimatiltak. - Landbruket i vårt område har si største inntekt frå produksjon av mjølk og kjøtt, men folk er opptatt av eit større matmangfald og etterspør nye produkt Dette er positivt og gir eit styrka omdømme, også for det tradisjonelle landbruket. Marknaden for lokalmat har auka kraftig dei siste åra, og me ser ei auka interesse for å starte opp med lokale matspesialitetar, fortel ho.

Speidar - alltid beredt! Synnøve er aktiv i frivillig arbeid og seier at ho får energi av å få ting til å skje – saman med andre. - Frivillig arbeid er limet i lokalsamfunna og skaper trivsel, samhald og betre folkehelse. Her får me trene oss i demokrati og i å ta ansvar. Statistisk sentralbyrå har rekna ut at frivillig innsats i Noreg utgjer heile 150 000 årsverk og ei verdiskaping på 125 milliardar kroner. Men først og fremst er folk aktive i frivillige organisasjonar fordi dei synest det er artig og meiningsfullt.

-Eg har det med å seie ja og blir lett engasjert i saker. Konsekvensane er at julegardinene heng til påske og blomsterbedet veks over av skvallerkål… Men det har eg eit avslappa forhold til. Synnøve er engasjert i speidararbeidet og vart tidleg med i speidararbeidet i Søre Fræna. 3. Fræna Aureosen speidargruppe vart starta i 1976. Medlemstalet har gjennom åra svinga opp og ned, men har dei siste åra vore opp mot 70 medlemer. Synnøve vart med som leiar av smågutane –ulvungar. På den tida var speidararbeidet inndelt ijentegrupper og gutegrupper. Det mangla tilbod til litt større jenter i Aureosen og nokre jenter meldte seg inn i gutespeidargruppa og starta då hjortepatruljen, som Synnøve leia. – Det eg hugsar best frå Hjortepatruljen er alle dei fine turane, seier ho. Ho fortsette som speidar då ho gjekk vidaregåande og seinare i ei studentspeidargruppe ved Landbrukshøgskulen på Ås.

 


Strikking er eit av fleire ting som Synnøve er engasjert i. Foto: Synnøve Valle


Synnøve Valle er engasjert i speidararbeidet. Foto: Aureosen speidergruppe.

     

Etter å ha budd på Austlandet nokre år flytta ho heim med mann og barn i 1991 og her vart ungane med i speidaren, og frå 2001 vart det naturleg at ho tok på seg leiaroppgåver der. Synnøve er og leiar for Romsdal og Nordmøre krets der arbeidet blant anna består i å arrangere leirar, kurs og kretskonkurransar. Synnøve fortel at det ikkje er alle som finn sin plass i idretten, derfor er speidarrørsla eit interessant alternativ, men fleire er og med på både idrett og speidar.

Som speidar er ein mykje ute, og det er allsidige og praktiske aktivitetar. Ein lærer førstehjelp, matlaging på bål, naturkjennskap, samfunnslære og ein lærer å bli sjølvstendig og ansvarsbevisst. Speidarane i Aureosen er og opptatt av sjølivet og kjøpte ein gamal svensk seglbåt for 2 år sidan. Denne har dei brukt eit år på å pusse opp til båten vart sjøsett i fjor. Seglbåten har motor og den har dei og plukka frå kvarandre og ordna. Medlemmane kan og ta ulike merke som sjøspeidar Speidarane i Aureosen har sitt eige hus som dei kjøpte av sanitetsforeininga. – Det er eit godt leiarmiljø og trivsel i 3. Fræna Aureosen, fortel Synnøve.

Ønskjer fleire unge med i husflidslaget Synnøve sit og i styret for Fræna husflidslag. Laget ønskjer å ta vare på dei tradisjonelle husflidsteknikkane og vise gleda ved å lære seg husflid og handverk. Husflidslaget har kurs- og medlemskveldar med ulike tema. Ho ønskjer seg fleire yngre med i husflidslaget. - Strikking er veldig populært blant unge og unge vaksne, men vi håper og at andre teknikkar kan verte meir populære, som til dømes å sy, slå nupereller, veve, spinne og brodere, fortel Synnøve. - Møta og kursa er opne for alle interesserte – du treng ikkje vere medlem av Husflidslaget for å komme. Denne hausten har husflidslaget mellom anna arrangert spinnekurs.

Soknerådet Ho er leiar i Vågøy og Myrbostad sokneråd. Det er interessant å få sjå kyrkjearbeidet frå innsida. Eit sokneråd har ansvar for mange oppgåver, både av åndeleg og praktisk art. Gudstenesta på søndag er den mest synlege aktiviteten, men gjennom heile veka er det noko som skjer, og det er mykje frivillig arbeid som blir gjort i kyrkja som ikkje er så synleg, men like fullt viktig. Av saker som me har jobba med den siste tida, er større kontakt med flyktningane i Fræna og eit tilbod om «Stikk innom» ei kyrkje, etter mønster av «Stikk ut».

Politisk interessert Ved sist kommunestyreval sa ho ja til å stille på liste og kom inn som 2. vara for Senterpartiet i kommunestyret. - Eg møter av og til på kommunestyremøte og i driftsutvalet og er elles fast medlem i viltnemnda. Dei fleste saksfelta interesserer meg, men kanskje mest landbruks- og kulturspørsmål. Og så blir det spennande å sjå korleis den nye kommunen vår blir etter 2020. Eg har faktisk lyst til å gje honnør til dei som brukar fritida si til politisk arbeid – for å gjere kommunen og lokalsamfunna betre. Det er mykje godt bondevit rundt om i kommunestyra og eg kan bli provosert over harselas med lokalpolitikarrolla.

Mållag Synnøve er oppteken av målsaka. Mållaget i Fræna har vore nedlagt nokre år, men no er Eide og Fræna mållag nystarta. Mi meining er at nynorsken ligg veldig tett opp mot talemålet i distriktet vårt. Skriv du nynorsk, har du dessutan lettare for å skrive eit enklare og meir forståeleg språk.

Dei to kommunane Eide og Fræna har ei nokså ulik historie når det gjeld skriftspråk. Fræna har vore nynorskkommune inntil nyleg og nynorsk er opplæringsmål for ca. halvparten av elevane. Somme krinsar i Eide har hatt nynorsk i skulen, men elevane har i dag bokmålsopplæring sjølv om talemålet kanskje burde tilseie noko anna. Ho viser til at Eide og Fræna mållag meiner at den nye kommunen må vere tospråkleg og inga målform skal brukast mindre enn 40 prosent i publikasjonar, på nettsider og i saksutgreiingar.

Ho er glad i friluftslivet, syklar ein del og går tur. - Dette er avkopling og ein får reinsa hovudet. Alt blir betre etter ein tur, anten han er kort eller lang. Eg likar å komme meg opp på ein topp, men midt i veka blir det gjerne gåtur langs kommunevegen åleine seint på kvelden. Å høyre på ugla eller å kikke på nordlyset er ein fin meditasjon og min daglege lågterskelaktivitet. Elles gler eg meg til vinter og snø slik at eg får prøve dei nye randoneskiene mine, seier Synnøve Valle til slutt.

Anne Holen Helseth