Tenkekråa

     

Atlanterhavsveienfotoklubb.no

     

Fjella i Fræna
av Lars Petter Sveen

Alle snakkar om Romsdalsalpane
Romsdalshorn
den majestetiske utsikta over Moldefjorden
men ingen har vore i Fræna
ingen har gått opp fuktige Rødalen
forbi setra og av skogsvegen
opp dyretråkket, heilt opp til Tronen
ingen har klatra opp Urfjellet frå baksida
kjent kor mørkt og underleg det reiser seg
som ryggtavla til eit utdøydd dyr
Ingen har stige opp over havtåka på Mælen og Stemshesten
sett sola dukke ned i eit raudt hav av skyer
ingen har strevd med den evige stigninga opp Kvannfjellet
sett landet opne seg, sett heile verda
ta imot deg

Kan hende nokon har rota seg opp på Skoften
og skoda utover lappeteppet av åkrar og vegar og gardar
kan hende nokon fann vegen inn i Trollkyrkja sin mystikk
og prøvde å bade i det klare, kalde vatnet
Kan hende nokon trudde Gjendemsfjellet var ein vulkan
der det spjerra skyene

Men ingen har gått tidleg frå jobb, stått opp før barna
sukka seg tungt opp stien til Lågheia og Høgheia
og kjent det tunge, det vonde
ikkje bli borte
men bli lettare
Ingen har gått inn i Dalagapet, stira opp på Talstadhesten
tenkt at det går ikkje, det er for bratt
og så likevel
likevel
stå der oppe i solnedgangen
sjå havet strekke seg uendeleg
som om ingenting stoppar, ingenting blir borte
berre du og alt du ber
det kan bli borte
slik at du kan finne noko anna
i kveldsmørket som tek imot deg
på veg ned

 

 

Lars Petter Sveen